Om meg

"Every artist was first an amateur" 

 

- Ralf Waldo Emerson 

"Med streif av lav haustsol i høgfjellet" - Bispen i Rauma kommune

Med lidenskap for landskap og natur i heimfylket 

 

Min bakgrunn

Eg er vestlending, sunnmøring - frå Møre og Romsdal. Oppvokst ved fjord og mellom fjell i Sykkylven. Det har  prega meg. No bor eg i nabokommunen Ålesund, ved Storfjorden, sjå kart, med utsikt til fjella i heimbygda. Født i 1948. Landskap har eg vært hekta på heile livet, og har malt og fotografert alt frå tenåra. Eg kunne nok ha blitt maler, men reklame og sidan jus blei levevegen. Det var langt tryggere.

 

Min lidenskap

No, som pensjonert advokat, vier eg meg til min lidenskap: Å fotografere i nærområda  rundt i "nasjonalparken Møre og Romsdal", som eg kaller det , og bearbeide mine landskapsfoto videre med dataverktøy. Eg skaper mine eigne digiale bilder - slik eg vil ha dei, som billedskaper.   

Klikk på karta for å få dei i større format 

Sør-Norge med Vestlandet. Vestlandskysten, frå Rogaland til og med Møre og Romsdal,  blir rekna for å vere eit av dei vakraste landskapsområda i verda. Det er ikkje berre vi som bur her som meiner det. Det er eit  populært turistområde.

Sunnmøre - kjent for Sunnmørsalpane, Hjørundfjorden og Geirangerfjorden ikkje minst - er mitt nærområde. Det er her, i Møre og Romsdal, eg henter motiva til mine digitale landskapsmaleri. Skiftande lys og vær, og eit populært område for naturfotografer. 

 

Søk på stader og sjekk detaljer på kart frå www.norgeskart.no

"Tinderekke i Romedalen" - i Ørsta kommune 


"Knivsflå med Knivsfossane" - også kalt Dei 7 søstrene, i Stranda kommune


"Sjørokk i sterk kuling" - Alnes, Giske kommune 

"Millom bakkar og berg utmed havet" 

Ivar Aasen sette ord på det. Landskapet her veksler stort: frå havgapet ved Alnes, til stupbratte fjellsider og fossefall i Geirangerfjorden, lune daler og til kvasse tinder i Hjørundfjorden. Det er dette eg ønsker å formidle. 

 

Takk til mine gode hjelparar

Eg er betatt av naturen rundt meg og er heldig å ha venner og bekjente som deler mi interesse for landskap, i maling og foto, og som har gitt meg verdifull kunnskap, tips og råd, og inspirasjon. Nemnast særskilt må mine kunstnervenner Bjørn Brusdal og Helge Bjørnsen.


Yrkesfotografen Karl Otto Kristiansen har gitt meg gode råd om kamerautrustning, fotoskjerm og billedbehandlingsprogram.

 

Bjarte Alnes, natur- og landskapsfotograf, datakyndig pensjonert lærer, har  lært meg masse om kamerabruk og billedbehandling. Vi fotograferer ofte ute i terrenget sammen. 


 

Takk til dei  - og også takk til venner i Ålesund kameraklubb,  Andre Fjørtoft og Stein Lauritsen spesielt, som har hjelpt meg med denne nettstaden. 

 

På motivjakt utmed havet 

"Bølgen"  

"Blåtime i januar vest ved havet" - Molnes, Giske kommune 


"Havbårene bryt" - eit av mine bilder med kyst- og havmotiv, basert på foto tatt på Alnes, i stemningsfull kveldsstund. Ein av mine favorittstader.